Søkelys Midtsommartankar

: “Det er nå det er…” !

Vi rusar oss inn i ei årstid som må tvihaldast på og lagrast. Stoppe tida – bli her i den nordiske sommaren for bestandig…
Ei gløgg dotter i urbane Oslo sende meg dette diktet av ukjent(?) svensk lyrikar som just tar tak i dette ; å leva nå og oppleva dagane som den rike gåva dei er – uansett alder og status:

Vakraste tiden er inne.
Vilket en del glõmmer bort.
Man skulle hålla i minnet,
att den ãr märkvärdigt kort.

Man burde fira och flexa.
Njuta vart ända minut.
Se allting spira och växa
innan det helt tagit slut.

Skomakaren vet vad han gjorde
när han satte lapp i entrén –
Vilket vi alla nog borde:
“Stängt mellan hägg og syrén”

Skomakaren var ein klok mann. Heggen på våre breiddegrader blømer tidleg i mai og er ‘besunget’ av Wildenvey som eit tidleg vårvitne – syrinar i alle fargar blømer just nå i juni – og i denne tidbolken stengde altså vår svenske venn sjappa og bare gjekk ut og levde det levande livet….
Håballen er eit anna velkjent namn på tida mellom våronn og slåttonn. Ferietid for småbrukar og bonde då, kanhende ? Nei, den var nok ekstra travel. Så mykje skulle reparerast, nedbrotne gjerde skulle setjast i stand, steinplukking og kampen mot ugras i åker og hage måtte gjerast. Dessutan var det tid for buferd – stauleshus – setusel og fjos – blei klargjort just i denne tida. Men det var ei god og glad tid både for folk og fe. Buskapen stunda til dei frodige smyliliane på fjellbeita og unge budeier sulla og song og såg fram til ein sommar i fjellet. Strevsam, javel – men også inkludert romantikk og forventing – kanskje ein laurdagsfriar frå grenda…? Viser og tradisjonsmusikk opp gjennom hundreåra visar at ungdom, kjærleikslengt og draumar er tidlause, heldigvis…
- -
Livet ja, I vår frodige hage med dei store, gamle trea spirer nye liv: Frå eit måkereir på grannetaket ramla just nå tre små nyste ned ein dag – vel vakta av skrikande foreldre som skræmer både katter og andre fiendar vekk. Eit par tjeldar har også avla fram ein kylling – kvit og ljost grå med det rette lange nebbet – lell endå utan dei flotte fargane ein vaksen tjeld har. På fjorden ror flokkar av ærfugl, men det er vondt å sjå at ungeflokken minkar i antal – her er det nok mange fiendar på ferde natt og dag. Villminken i strandrøysa er ein slu, farleg fiende for alle små…

Du ska itte røre reiret,
reiret er ei lita seng.
Over tynne bån brer erla
ut sin vâre varme veng.
Pipet i den minste strupe
ska bli kvitring over eng. (Skjæraasen)

Det nærmar seg ferietid for dei fleste i Fedrelandet. Kanskje den svenske skomakaren kunne lære oss litt om å nytte ferien til avslapping, rekreasjon – ja, litt meir om den ‘sunne’ latskapen, kanskje? Men det nyttar knapt, “Ola og Kari” med ungar og pargas vil vel som vanleg rekke over meir enn dei gjorde i fjor – og i alle fall meir enn venner og naboar orkar med.
Just skrytinga over fantastiske og eksotiske opplevingar er truleg ein viktig del av det moderne mennesket sin feriedraum? Eller – er dette bare ein gamal manns surmaga oppgulp basert på personlege, forgylte minne om alt det som ein gong var… ?

Vist 400 ganger. Følges av 4 personer.

Kommentarer

Det er alltid med gledesfylt forventning jeg åpner nye innlegg skrevet av Kaare. Han evner nemlig å skrive noe om små og jordnære saker som i sin såre enklehet treffer en rett i hjerteroten.

Disse indetlig gode innleggene dine må ikke får sitt endelikt i TAs blogg, Kaare. De inneholder nemlig så mange kvaliteter at de bør gis mulighet til å leses av mange generasjoner etter oss.
Og det siste er min klare oppfordring til Ove som sjefsredaktør i TA. Nemlig å sørge for at Kaares lune innlegg om diktrikedommen og livet i Telemark i gamle dager, blir samlet og utgitt så det ikke går tapt for etterslekten.
Det mener i allefall undertegnede som selv anser seg som et usentimentalt og nøkternt politisk dyr – og som oftes blogger under navnet Den liberale berserken.

Kjære Jon – veldig glad for det du skreiv – lesars respons er alle skribentars draum… Elles, eg har levert mellom to og trehundre artiklar på side tre i TA – og mange i likhet med deg meinar at eit utval burde bli til ei, eller fleire bøker – men det er litt av ein prosess som eg kvir meg for! Du veit sikkert Jon, at det vi leverar i vår tid truleg er uinteressant for neste generasjon..? Men det er moro når “åndi” kjem over deg og tankar blir til ord… Kva med deg sjølv? “Svenske”, forstår eg – du fører da ein proper, ofte spiss penn – som både ergrar og engasjerar…Dette kunne då bli noko meir enn innlegg i kommentarspalta?Finn deg eit tema og skriv!
Med ynskje om ein fin sommar!
Kaare

Enig med Jon R (for en gangs skyld :-)

Du veit sikkert Jon, at det vi leverar i vår tid truleg er uinteressant for neste generasjon..?

Nei, det tror jeg absolutt ikke! Neste generasjon vil også ha stor glede og interesse av å lese det du skriver, de av dem som er interessert i å lese, reflektere og lære om “det som ein gong var” …

Annonse

Nye bilder