

Gartnar, poet og verdensborgar
“Elvane møtest, frå kvart sitt fjell.
Grip kvarandre i hendene.
Blandar sin song og sitt blod.
Held fram einige, sterkare,
snåvar ikkje så lett i steinane:
Turskodd skal ingen vassa oss no."
Dette er typisk Olav H. Hauge – eit dikt frå samlinga “Dropar i austavind” frå 1966. Det er truleg ikkje bare eg som i tunge tider finn trøystarord i dei konsise, velforma versa av diktaren frå Ulvik. Han skreiv ikkje eit ord for mykje, men dei orda han sette på på papiret lyt vi hugsa og ta til oss eit for eit….
Olav Håkonson Hauge vart fødd 8. august i 1908 og døydde i 1994. Han fekk med seg ein privat middelskule i Ulvik i 1925 – 1926 – seinare vart det hagebruksskule , fire års gartnarlære og til og med eit år på Noregs Landbrukshøgskule på Ås.
Då foreldra døydde overtok han kårbustaden deira – ein plass som heiter Rossvoll – og levebrødet hans var i mange år fruktdyrking heime og gartnararbeid i hagar kringom i bygda, blant andre på prestegarden der den unge mannen også hadde fine samtalar med presten og lånte og las ei forvitneleg mengde bøker….
Det må vel takast med at frå tidleg ungdom og heilt fram til femtiårsalder hadde han store psykiske plager og måtte fleire gonger innleggjast på Valen sjukehus – men samstundes, eller kanskje nettopp derfor vakna skrivelysta og ein ny, sermerkt lyrikar voks fram. Debuten kom seint; han var trettiåtte år, og tittelen “Glør i oska” er nok typisk for hans liv og tilvære nett då. Deretter losna det på så mange vis og nye diktsamlingar kom stort sett kvart femte år fram til 1971.
Formell skulegang utover det landbruksfaglege hadde han lite av, men med middelskulen som grunnlag lærde han seg svært godt både engelsk, tysk og fransk – ja så godt at han var i stand til å gjendikte til nynorsk framand poesi frå alle desse språka. Kinesisk, urgamal tenkjing og diktekunst opptok han spesielt. … Imponerande just dette; med basis i heimbygda og eit praktisk, jordnært yrke, kom Olav H. Hauge til å prege norsk, poetisk modernisme i ein mannsalder.
Ungdomsåra var som nemnt vanskelege – pur ung skreiv han dette verset i diktet “Seljefløyta”:
“Um kjærleik kan eg tenkja, um liv og død og slikt
som kjem i ungguthugen i draumar og i dikt.
Og ljose voner leika, men lell var hugen sår,
for eg var sjuk og usæl og berre femten år.”
Det kom ei kvinne inn i livet hans, Bodil Cappelen, og etter år med brevskriving kom dei saman – etterkvart som sambuarar frå 1975 – seinare gifte dei seg i 1978, han sytti, ho førtiåtte år. Kontakten, brevvekslinga og livet saman gjorde Olav H. Hauge godt, gjorde han til den ruvande personen han vart i norsk bokheim. Det er nok som lyrikar eg vil spesielt lyfta han fram her, men også som prosaist – og ikkje minst ved eit detaljrikt og mektig ettermæle basert på sytti års flittig dagbokskriving. Dagbøkene aleine – utgitt i fem bind post mortem i 2000 – er eit fantastisk spegelbilæte av sju tiår (1924 – 1994) og av ei personleg utvikling hjå eit unikt menneske frå tenåring til olding.
“Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg ,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg ,
og at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.”
Olav H. Hauge hadde sin humor også, som i dette vesle verset:
“I dag såg eg to månar, ein ny og ein gamal.
Eg har stor tru på nymånen. Men det er vel den gamle….”
eller:
“Kan du gjera eit vers
som ein bonde tykkjer mun i,
skal du vera fornøgd.
Ein smed vert du aldri klok på.
Verst er det å gjera til lags ein snikkar.”
Å lesa Hauge’s dikt er som å møte sjølve livet med alle sine fasettar på godt og vondt. Etter ei personleg tung tid fann eg desse trøystarorda hjå just Hauge:
“Din veg.
Ingen har varda den vegen du skal gå
ut i det ukjende, ut i det blå.
Dette er din veg. Berre du
skal gå han.
Og det er uråd å snu.
Og ikkje vardar du vegen , du hell.
Og vinden stryk ut ditt far i aude fjell."
Les Olav H. Hauge – bli litt klokare – det er mykje kvardagsvisdom i hans visjonære verd!
Kaare Bakken
Kommentarer
Olav var stor og vil for alltid stå som en pilar innen verdenspoesien. Han fikk det bedre med psyken – etter at han giftet seg med kunstneren Bodil Cappelen.
Takk for denne lesegleden av ypperste kvalitet, Kaare!
Og dette rotekte, klare og inderlige målet eller språket er det noen som ikke kan fordra!
Da har en bestemt seg for det; før en vet noe om det, kjenner det og vet verdien av det i litteratur -
og som talemål. Fordommer og motstand mot nynorsk og mot å få innsyn i det/bli glad i det, er å stenge døra for store deler av vår kulturarv og kulturhistorie.
Heldigvis er vi ikke aleine om å tenke det. Og det er flere enn bare oss som hittil har gitt deg et kraftfullt: BRA ;-)
Takk for et godt og interessant innlegg. Ikke minst, takk for det vidunderlige språket du fremfører!
Helt enig med godordene.
TA er stolt og glad for at en så god skribent som Kaare vil dele med seg.
Og det på et framifrå og rikt nynorsk. Tusen takk for denne kronikken om Olav H, Kaare.
Jeg har lest den flere ganger og den gir så mye – både fra Olav H. Hauge og fra Kaare Bakken.
Veldig fint innlegg om en unik poet. Vakkert språk!